Gå rett til innhaldet på sida, eller til utvida navigasjon for vevstaden!

Åge No © 2000-2008 Vel storleik: [ S ][ vanleg ][ L ]( ? )
 
* Televimsen viser deg undersidene i cv-seksjonen

Røyrvik kommune :: Kultur- og museumsleiar :: Attest

Limingen, 30. januar 2006

Røyrvik kommune har hatt Åge Utnes, fødd 21.9.1959, i vikariat som kultur- og museumsleiar i 100% stilling frå 11.11.2004 til 11.11.2005.

Røyrvik er ein fjellkommune nordaust i Nord-Trøndelag, på grensa til Nordland og Sverige. Kommunen har 550 innbyggjarar og eit areal på omlag 1587 kvadratkilometer. Kommunen er innfallsport til Børgefjell nasjonalpark, og næringslivet er prega av energiproduksjon, primærnæring med reindrift og utmarksturisme.

Stillinga som kultur- og museumsleiar ligg til sentraladministrasjon og er direkte underordna rådmannen. Arbeidsoppgåver er handsaming av saker for heile kulturlivet. Arbeidet krev evne til å ta initiativ, konsekvenstenking og å jobbe sjølvstendig med videreutvikling av ansvarsområdet. Attåt dagleg drift av kulturkontor og bygdemuseum, kan følgjande oppgåver nemnast;

  • Sekretærarbeid for utvalet "Komite for kultur og trivsel"
  • Sekretærarbeid for styringsgruppa for Den samiske historia i Røyrvik kommune og omegn
  • Leiing av kommunen sine ungdomsarbeidarar
  • Kontaktperson for bygdekino, fylkesteater og andre kulturarrangement
  • Fordeling av kommunale kulturmidlar
  • Gje innspel til budsjettreguleringer i driftsåret
  • Samarbeid med andre kommuner i Indre Namdal og nabokommuner i Sverige

Åge Utnes har revidert konsesjonsvilkår for sal og syning av film og videogram i kommunen. Vidare har han bidrege positivt til god utveksling mellom bufast- og reindriftskulturane. Mot slutten av engasjementet jobba han òg med oppdatering av kommunen sine nettsider.

Røyrvik kommune har i løpet av engasjementet lært han å kjenne som ein pålitande, nøyaktig og lojal person med evne til å ivareta dei lange draga og å få med seg detaljane. Vi har satt pris på den jamne og humørfylte innsatsen hans. Fagleg usemje har blitt handsama på eit ordentleg og profesjonelt vis.

Røyrvik kommune har fått positive tilbakemeldinger på korleis han har virka og forstått rolla si, er godt nøgd med innsatsen og kan tilrå Åge som arbeidstakar.

O.J. R.

Rådmann

[ til toppen ]

www.aage.no © 2000-2008

Her er du no :: aage.no » nn » cv » relevant » Røyrvik kommune :: Indre Namdal

Sist endra 28. september 2008  ©  Åge No : XHTML : Relaxed : CSS : 508 : WAI-A : Om tilgjengelegheit : Søk på vevstaden!
Ser sida rar ut? Trykk F5 og/eller F11 eller prøv å endre storleiken på vindauget! Kjem du over inkvart anna tullete, så send meg ein e-post! :: Blogg!
Til toppen