Gå rett til innhaldet på sida, eller til utvida navigasjon for vevstaden!

Åge No © 2000-2008 Vel storleik: [ S ][ vanleg ][ L ]( ? )
 
* Livet er langt og fullt av morosame hendingar

Erfaring med tilskipingar, ei biografisk og kronologisk opplisting

Det finst inkje samla oversyn over det eg har vore med på å skipa til. Men teksten på denne sida fungerer likevel som ein portal til andre nettsider, som til saman kan gje eit bilete av erfaringane mine.

Konsertar og annan smal scenekunst

Frå mars 1978 til 1981 heldt Hard Rock Kafé rundt 50 konsertar, der sju var større tilskipingar. Eg var musikar, tilskipar og ein synleg person i miljøet. Så snudde og byrja å jobbe i new age-miljøet rundt Manu-Mu. Her fekk eg for første gong erfaring med eit omfattande program over ei heil veke: Trondheimsfestivalen 1980.

Deretter blei eg engasjert i Uffa. I åra 1982 til 1989 skipa vi til noko over 100 konsertar, der 11 var større markeringar som varte heile kvelden.

Frå 1984 gjekk eg gradvis vekk frå å spele til berre å administrere, kjøre lyd og skipa til. I Trondheim var det fullt mogeleg å kombinere forskjellige sceniske uttrykk, og eg fekk høve til å jobbe med arkitektur­studentar, klesdesignarar og folk på den nye performance-scena som utvikla seg ved kunstakademiet – ei salig blanding med ein del multimedia, installasjonar og studioarbeid.

Nokon dekkjande attest frå desse åra har eg ikkje, men nokre papir fekk eg likevel med meg. Det var gått ti år sia eg noko for tidleg slutta på gymnaset ...

Layout og PR

Etter år med gratisjobbing, tok eg til å reparere karakterane på vaksengymnas. Nye impulsar gjorde at eg trekte meg ut or Uffa, utan heilt å sleppe forankringa i lag og organisasjonar. Sidan 1978 hadde eg jobba med tekst og formgjeving: redigering av tekst og produksjon av løpesetlar, plakatar og fanziner.

I 1987 blei eg fascinert av dei moglegheitene som datamaskinar gav for å behandle tekst og gjere layout; og gjennom eit engasjement for Trondheim Filmklubb fekk eg god PR-erfaring. Hovudoppgåva var å vidareutvikle den høge standarden på semesterheftet, og vi produserte plakatar som blei lokale samleobjekt. Utanom dagleg drift avvikla vi òg 30-årsjubileet til klubben og skipa til nokre filmfestivalar.

Åra med frivillig arbeid i Trondheim nærma seg slutten, eg leste nokre fag på universitetet, trøytna på dét òg, og det var på tide å prøve noko heilt anna (og under ein annan himmel) ...

Allmennkultur, nye beitemarker ...

Studia på Dragvoll var interessante, men eg var enno ikkje moden for rein og abstrakt teori. Etter eit par år med vasking og grøftegraving i Longyearbyen, innhenta fortida meg og eg blei materialforvaltar for Kulturstyret på Svalbard. Tidlegare hadde eg stort sett jobba med smale kulturuttrykk, men på Svalbard fekk eg jobbe med allmennkultur.

Eg fekk prøvd meg som lydmann på alt frå karokeliknande underhaldning og mini-gospel i kyrkja til lyd på ein handball-landskamp (den første mellom Noreg og det nye Russland) og på aust-europeisk lydutstyr (med kyrilliske bokstavar) i Barentsburg. Eg var òg teknisk sjef for Solfestuka 97 med ansvar for 20-30 tilskipingar over fem dagar. Våren 1998 drog eg til fastlandet for å skaffe meg kulturteoretisk ballast:

Nede igjen tok eg eit år på kulturstudiet i Bø i Telemark, og opplevde det som ein fordel å ha ei brei referanseramme for det boklege. Da pengane tok slutt, drog eg nordover for å jobbe med ungdom. Ungdomsteamet i Ytre Namdal hadde eit interessant prosjekt på gang. Arbeidsoppgåvene var å drive førebyggjande informasjonsarbeid og drifte ein ungdomsklubb. Heile 85% av målgruppa kom på ei av våre større tilskipingar, og vi traff budsjettmålet for 1999 med eit avvik på knappe 1,5 promille.

Prosjekt varer ikkje evig, så hausten 2000 jobba eg for Teater Osiris, som er eit lite, men særs populært einmannsteater.

Deretter gjekk ferda til Grimstad. Ved kulturhuset fekk eg ansvar for å koordinere vedlikehaldet av teknisk utstyr og å førebu hus og utstyr før leigetakarane kom inn. Det kunne vere alt frå Riksteatret, Bjørn Eidsvåg, Ibsen-satsingar til lokale revyar og Great Garlic Girls. 2.300 filmframvisingar i året kravde sitt av gammalt utstyr, og vi gjorde huset klart til tre kortfilmfestivalar. På fritida leika eg litt med miksing av lyd igjen, men mesteparten av energien gjekk med til å halde huset i stand.

Deretter kom eit par steg til sides, før eg fekk eit veldig hyggjeleg vikariat som kultur- og museumsleiar i Røyrvik kommune. Her fekk eg endelig fungere som rein administrator, ei rolle eg trivdes overordentleg godt med òg blomstra i. Etterpå prøvde eg meg som kreativ leiar i Odda kommune, eit engasjement som vi greit nok avslutta da prøvetida var over. For tida er eg på leit etter krevjande oppgåver med seriøse folk.

[ nach oben ]

www.aage.no © 2000-2008

* CV-logo :: Byen er ikkje så langt unna, men sjølv liker eg å bu på landet

 

Raud tråd: Eg har ikkje vori oppteken av å jobbe med dei mest populære uttrykka, rett og slett av di at kulturell utvikling blir driven fram i møtet mellom eksperiment og etablerte uttrykk.
Kvalitet blir skapt ved at kunstnarane får best mogeleg service og arbeidsforhold, og at publikum opplever tilskipingane som profesjonelle – eller annleis.

Rotasjon :: Stadig endring

Spin off 1990-94:

Ved Gerhard Schönings skole kunne eg for første gong jobbe opp mot ei brei målgruppe, og eg fekk eg vere med på å førebu ein konferanse om vaksenopplæring. Kontakt med vitskaplege miljø på universitetet gav ytterlegare oppdrag. Til dømes hadde Under Dusken bruk for meg i ein periode, og Norsk medieforskarlag leigde meg inn til å lage logo til ein nordisk konferanse for seg. Ellers går det lett å lære ny programvare etter denne tida.

Rotasjon :: Stadig endring

På eigne nettsider finn du konsertar på Uffa lista opp ...

[ til toppen ]

Her er du no :: aage.no » nn » livet » mix

Sist endra 28. september 2008  ©  Åge No : XHTML : Relaxed : CSS : 508 : WAI-A : Om tilgjengelegheit : Søk på vevstaden!
Ser sida rar ut? Trykk F5 og/eller F11 eller prøv å endre storleiken på vindauget! Kjem du over inkvart anna tullete, så send meg ein e-post! :: Blogg!
Til toppen