Gå rett til innhaldet på sida, eller til utvida navigasjon for vevstaden!

Åge No © 2000-2008 Vel storleik: [ S ][ vanleg ][ L ]( ? )
 
* Isbjørnen kan våre leiken den eine augnblinken, og ein galen mordar den neste

Oppdrag for Norsk Polarinstitutt på Svalbard :: NPS

Eg hadde fleire ulike oppdrag for Norsk Polarinstitutt på Svalbard, NPS, mellom anna to periodar som feltassistent og ein periode med database- og tekstarbeid.

Attest 19.12.97

Åge Utnes har utført feltarbeid for Norsk Polarinstitutt på Svalbard i perioden 22-26. mai og 11-24. oktober 1997. Til saman omkring 20 dagsverk.

Arbeidet har vore:

  • Fangst av ismåke og polarmåke ved hjelp av strikknett ved Adventpynten. I den samanhengen har han fått røynsle i bruk av strikknett som metode for "levandefangst" av fugl, blodprøvetaking, ringmerking og uttak av biometriske mål
  • Innsamling av polarmåkeegg i samanheng med miljøgiftanalysar på holmane langs med Nordenskiöldkysten
  • Taksering av sjøfugl i Isfjorden i oktober
  • Avliving av havhest, rype og polarlomvi i samanheng med innhenting av åte til "levandefeller" for fjellrev
  • Fjellrevstudium som omfatta handtering av levande rev, merking og biometritaking samt bruk av radiotelemetri for studium av rørsler til rev

Under nemnde feltarbeid har Åge fått god røynsle i bruk av gummibåt, aluminiumsbåt og snøskuter. Arbeidet blei utført i periodar med krevjande forhold både på sjø og på land. Åge har utført assisterande og sjølvstendig arbeid på ein særs ryddig og god måte.

J.E. H., avdelingsdirektør, og G. B., forskingsteknikar

Attest 03.05.96

Åge Utnes har arbeidd som vitskapeleg assistent på timebasis hos oss i perioden 19. februar til 31. mars. Han har arbeidd med underlagsmaterialet for vår årlege, engelskspråklege utgjeving Research in Svalbard, RiS'96.

Nytta dataverktøy har vore Oracle database og Microsofts Word for Windows tekstbehandlar og Excel rekneark. Oppdraget har stilt krav til oversyn og aktsemd for logiske endringar på detaljnivå. Arbeidet har blitt utført til vår fulle tilfredsstelling.

B. F., avdelingsdirektør

Eigen kommentar

Publikasjonen RIS'96 blei brukt til å informere fagmiljø i ulike land om kva for prosjekt som var i gang på Svalbard det året. Arbeidet med RIS'96 passa perfeksjonisten i meg godt: nøyaktigheit kombinera med database- og tekstarbeid. Eg fekk brukt både engelsk, norsk og tysk som arbeidsspråk.

Vevstader:    Logoen lenkjer til vevstaden www.npolar.no, som er eit godt utgangspunkt for sakleg informasjon om Arktis    og    * Animert :: Isbjørnen kan veksle mellom leik og rovmord på mindre enn ein sekund! Du finn og ei lenkje til ein litt mindre seriøs vevstad om Svalbard her    (Klikk på ikona!)

[ til toppen ]

www.aage.no © 2000-2008

Her er du no :: aage.no » nn » cv » relevant » NPS :: Norsk Polarinstitutt på Svalbard

Sist endra 28. september 2008  ©  Åge No : XHTML : Relaxed : CSS : 508 : WAI-A : Om tilgjengelegheit : Søk på vevstaden!
Ser sida rar ut? Trykk F5 og/eller F11 eller prøv å endre storleiken på vindauget! Kjem du over inkvart anna tullete, så send meg ein e-post! :: Blogg!
Til toppen