Gå rett til innhaldet på sida, eller til utvida navigasjon for vevstaden!

Åge No © 2000-2008 Vel storleik: [ S ][ vanleg ][ L ]( ? )
 
* Televimsen viser deg undersidene i cv-seksjonen

Trondheim filmklubb :: Attest 21.01.92

Trondheim filmklubb er ein uavhengig, ikkje-politisk og ikkje-kommersiell organisasjon. Formålet til filmklubben er å vise god film og å spreie kunnskap om film som kunst og populærkultur. Trondheim filmklubb har varierande mellom 1400 og 2000 medlemmer og er tilslutta Norsk filmklubbforbund.

Trondheim filmklubb har i løpet av dei siste seks åra ekspandert kraftig. I dag viser vi langfilm tre dagar i veka, noko som gjer cirka 40 visingar kvart semester. Av desse er mellom 10 og 15 eigenimporterte filmar. I tillegg avviklar vi kortfilmfestivalen Minimalen kvar vår.

Den største forbetringa har skjedd med presentasjonen av visingane våre. Eit programblad som tidlegare blei klipt, limt og kopiert, framstår i dag som eit moderne og profesjonelt tidsskrift produsert med avansert datateknologi. Vi kan trygt påstå at vi har vore leiande i Noreg på dette punktet.

Åge Utnes var styremedlem i Trondheim filmklubb frå 31.5.89 til 21.1.92. I tillegg til dei vanlege pliktene til eit styremedlem, hadde han hovudansvaret for programbladet vårt. Forutan å leggje til rette for innskriving og å korrigere og redigere tekst, hadde han personleg ansvar for utforming av og kostnader på programblad og annan PR. Han har i aller høgste grad hjelpt filmklubben til å få det profesjonelle ansiktet utad som vi i fleire år har strevd etter.

Åge Utnes har utført arbeidsoppgåvene sine med stor flid, og han har vore uvanleg arbeidshungrig og flittig.

O. L., M. M. og I.M. N., styremedlemmer

Eigne kommentarar

Ein særs lærerik periode med mykje intenst tekst- og layoutarbeid. På denne tida la vi om frå manuell setjing av tekst og bilete, til elektronisk behandling. Omleggjinga gav innsikt både i gammal og ny teknologi. I mi tid laga vi åtte programhefte med om lag 250 sider toneangjevande layout, pluss plakatar, mindre hefte og annan PR. Produksjonen gav godt innblikk i grafisk arbeid og god røynsle med layout- og datafolk, kunstnarar og trykkjeri.

Elles skipa vi til ein animasjonsfestival der vi viste heile sjangerbreidda og skaffa til veges noko av det beste innan tradisjonell og elektronisk animasjon. Spesielt var det moro å forhandle med utanlandske rettshavarar og regissørar for å få visingsløyve.

[ til toppen ]

www.aage.no © 2000-2008

Her er du no :: aage.no » nn » cv » frivillig » TFK :: Trondheim filmklubb

Sist endra 28. september 2008  ©  Åge No : XHTML : Relaxed : CSS : 508 : WAI-A : Om tilgjengelegheit : Søk på vevstaden!
Ser sida rar ut? Trykk F5 og/eller F11 eller prøv å endre storleiken på vindauget! Kjem du over inkvart anna tullete, så send meg ein e-post! :: Blogg!
Til toppen