Kulturstyret på Svalbard :: Attest 18.12.97
Med dette stadfestast at Åge Utnes har vore tilsett som materialforvaltar for Samfunns- og kulturutvalet, tidlegare Kulturstyret på Svalbard, i perioden 10.06.96 til 30.11.97. Stillinga var ei deltidsstilling med 20 faste timar kvar månad. Attåt desse kom ekstra arbeid på timebasis, jamt over 40 timar kvar månad i perioden han var tilsett.
Arbeidsoppgåvene har vore å vedlikehalde og supplere lydutstyr, halde orden i magasin samt rigge og setje lyd ved kulturtilskipingar. Utnes har tatt ein fullstendig gjennomgang av lydutstyret slik at det no er i stabil og driftssikker stand.
Vidare har Utnes fungert som teknisk sjef under Solfestveka 97, ei årleg festveke som omfattar fleire daglege tilskipingar. Åge Utnes har innfridd lydmessige krav og behov så vel frå lokale aktørar som frå gjestande profesjonelle artistar på nasjonalt og internasjonalt nivå.
Engasjementet til materialforvaltaren blir avslutta samtidig med strukturelle endringar, der ansvar for lys- og lydanlegg blir overført til anna eining. Utnes har i den samanhengen halde kurs i lydteori, rigging og lydkjøring for brukarar av lydutstyret. Utnes har arbeidd systematisk, grundig og sjølvstendig.
Med denne bakgrunn gjer vi honom vår beste tilråing.
T. K., skrivar
Eigne kommentarar
Det var moro å ta opp att lydarbeid etter fem års pause. Og det var positivt å oppleve at gammal kunnskap – som rutinar rundt rigging, lydkjøring og vedlikehald – enno sat i blodet.
Tidlegare hadde eg stort sett berre arbeidd med smale kulturuttrykk. I Longyearbyen møtte eg allmennkulturen; I halvanna år rigga eg alt frå karaokeliknande show, minigospel i kyrkja, fest på lokalet, det meste av Solfestveka 97, Anne-Cath. Vestly på biblioteket og landskamp i handball mellom Noreg og Russland. Lydmiljøet i Longyearbyen er naturlegvis ikkje stort, men til gjengjeld hyggeleg og kanskje meir aktivt enn på stader av tilsvarande storleik på fastlandet. (Spesiell takk til bandet "Sprekk i belgen" og kulturansvarlege russarar i Barentsburg!)
Jobben inspirerte meg til å studere Kulturfag ved Høgskolen i Telemark. Her er eit par konkrete døme som kanskje kan illustrere avstanden mellom planlegging og gjennomføring.
a. Solfestveka er ei årleg markering av at sola vender tilbake til Longyeardalen etter fire, dryge månaders fråvær. Veka omfattar tilskipingar for alle aldersgrupper, og dei fleste offentlege rom blir tekne i bruk. Ti dagar før veka skulle avviklast blei eg spurd om å kommentere planane for veka. Det viste seg at tilskiparkomiteen hadde sett opp eit program som ikkje var mogeleg med lokale ressursar.
Store artistar skulle flygast inn, men tilskiparane kunne ikkje møte dei tekniske krava som blei stilte av managerar og utøvarar. Eg orienterte komiteen om kva dei hadde føre seg, og kva som måtte til. Straks fekk eg ansvaret for teknisk avvikling og fullmakt til å skaffe manglande utstyr. To hundre hektiske arbeidstimar seinare kunne vi feire ei vellykka solfestveke.
b. 17. mai blir markert ganske likt som på fastlandet. Klimaet gjer likevel at feiringa ofte blir noko meir hustrig enn nede. I 1997 var det planlagt markering med lydutstyr ved bautaen på Skjæringa, og underhaldning med kulturutveksling med russarane i storsalen på Huset etterpå. Tilskiparane hadde vanskar med å forstå at ein fort treng arbeidstid til å førebu og gjennomføre planane: tid til å rigge opp og ned, og setje lyd og kjøre prøver på 15 innslag med artistar med varierande røynsle frå scene.
[ til toppen ]
www.aage.no © 2000-2008