Gå rett til innhaldet på sida, eller til utvida navigasjon for vevstaden!

Åge No © 2000-2008 Vel storleik: [ S ][ vanleg ][ L ]( ? )
 
* Televimsen viser deg undersidene i cv-seksjonen

Uffa :: Arbeidsstadfesting

Åge Utnes, f. 21.09.59, har vore i arbeid i perioden 17.07-16.10.89. Tenestestad var Uffa-huset. Åge Utnes har i hovudsak planlagt og bygd opp eit nytt arkivsystem for organisasjonen Ungdom for fri aktivitet. Åge Utnes måtte slutte som avtalt ved inngåing av arbeidsavtale.

B. S., Personalseksjonen, Trondheim kommune, 14.11.89

Arbeidsstadfesting

Åge Utnes, f. 21.09.59, f. 21.09.59, har vore i arbeid i Trondheim kommune i tidsrommet 14.01.86-31.03.88. Han hadde Uffa-huset som tenestestad.

Åge Utnes måtte slutte grunna opphør av tilsagnsmiddel frå Arbeidsformidlinga i Trondheim.

B. S., Personal- og organisasjonsseksjonen, Trondheim kommune, 16.03.90

Attest

Ungdomsårskomiteen 1985

I møte til Trondheim formannskap den 17.01.1985 blei det einstemmig vedteke å setje ned ein Ungdomsårskomite, slik samansett:

1 repr. foreslått av ungdomsrådet
1 repr. foreslått av idrettsrådet
1 repr. foreslått av Uffa
1 repr. foreslått av fritidsklubbane
1 repr. foreslått av musikkrådet
3 repr. frå avdelingstyret Kyrkje, kultur og fritid, ordføraren som formann for rådet
K. A., KKF, valt til skrivar for komiteen.

Åge Utnes blei av Uffa (Ungdom for fri aktivitet) valt som representant for denne organisasjonen.

K. A., Avdeling kyrkje, kultur og fritid, KKF, Aktivitetskontoret, 23.03.90

Stadfesting

Ungdom For Fri Aktivitet er ei laus samanslutning av interessentar for frie ungdomsaktivitetar i Trondheim.

Åge Utnes har delteke i ulike aktivitetar ved Uffa i perioden 26.6.1982 til 31.12.1988. Sidan gjenoppbyggjinga av Uffa i Innherredsveien starta i desember 1982, har han som frivillig gjort byggjearbeid, rekneskap, konsertar og generell administrasjon.

I perioden han var tilsett, 14.1.1986 til 31.3.1988, hadde han ansvar for arbeidsleiing, budsjettering, byggjeplanlegging, praktisk gjennomføring av konsertar med kjøring av lyd og igangsetjing av studioet vårt, og han har stått for mykje av kontakten vår med Trondheim kommune og sentrale myndigheiter.

Etter mars 1988 blei oppgåvene hans gradvis overdregne til andre personar.

T. M. og M. N., brukarrepresentantar, 28.02.89

Eigne kommentarar

Uffa er eit sjølvstyrt aktivitetshus, og mitt engasjement ved Uffa varte frå midten av 1982 og ut 80-talet.

Frå desember 82, da Uffa etablerte seg i nytt hus på La'mon, hadde eg ansvar for økonomien til bandrommet og hovudrekneskapen til huset. Sjølvstendige einingar – som kafe, bandrom, konsertgruppe, galleri og bokkafe – mottok midlar frå hovudbudsjettet etter vedtak på allmøtet. Ganske snart fekk eg ansvar for den daglege kontakten med kommunen og generell drift av huset.

Våren 83 bygde vi bandrom i kjellaren. Etterpå følgde eg renoveringa av kafeen, utvidinga av kjøkkenet og ombyggjinga av teaterrommet til konsertlokale, som koordinator, arbeidsleiar og snikkar. Entusiasme prega miljøa på Uffa, og lokala blei ofte tekne i bruk før dei var ferdigstilte.

I 84 begynte eg å mikse lyd, og i løpet av 85 og 86 bygde vi opp ein akseptabel PA og eit lite studio med åtte spor. Med knappe budsjett lykkast vi å skape ein god scene for aktuell musikk.

Elles er det over tjue år sidan okkupasjonsbølgja nådde Noreg. Nokre av dei som var aktive på midten av åttitalet jobbar litt med historia til Uffa.

[ til toppen ]

www.aage.no © 2000-2008

Her er du no :: aage.no » nn » cv » relevant » uffa

Sist endra 28. september 2008  ©  Åge No : XHTML : Relaxed : CSS : 508 : WAI-A : Om tilgjengelegheit : Søk på vevstaden!
Ser sida rar ut? Trykk F5 og/eller F11 eller prøv å endre storleiken på vindauget! Kjem du over inkvart anna tullete, så send meg ein e-post! :: Blogg!
Til toppen