Universitetsfag, fag frå det historisk-filosofiske fakuletet ved NTNU, tidlegare AVH
Språkleg kommunikasjon legg vekt på språket i bruk, og på korleis lingvistisk og sosial, utanomspråkleg kontekst styrer valet av lingvistisk form i vidaste forstand. Sentrale omgrep er språkhandlingar, implikaturer, relevans og informasjonsstruktur.
Emnet Kulturforståing drøftar – med utgangspunkt i europeisk, kinesisk og arabisk kultur – korleis slektskap, sosial organisasjon og ideologi pregar ein kultur. Siktemålet er å formidle ei generell kulturforståing som bakgrunn for internasjonalt arbeid. Faget ligg under Sosialantropologisk institutt, og det blir undervist i faget berre einskilde semester. Våren 1994 var professor Jan Brøgger forelesar.
Studiet Tysk grunnfag er primært eit praktisk språkstudium som er delt i fire emne. "Grammatikk" består av grunnkurs, fordjupingskurs, grammatisk analyse og fonetikk. "Litteratur" gjer eit bilete av tankar og problem som har prega europeisk tyskspråklege kultur og dens historiske og samfunnsmessige bakgrunn frå ca. 1800. "Landeskunde" er eit slags samfunnsfag, og kunnskap i "Praktisk tysk" òg må til.
Examen philosophicum blir òg kalla Ex.phil eller "førebuande." Faget bestod av tre vekttal filosofi, to vekttal logikk og ei valfri eining på to vekttal.
Bildemediekunnskap 1 tilsvarer i dag faget Visuell kommunikasjon. Faget består av ein del om stillbilete og ein om film og fjernsyn. Stillbiletedelen tek sikte på å gje studentane ei grunnleggjande innføring i bilete: analytisk, teoretisk og historisk. Film- og fjernsynsdelen gjer ei grunnleggjande innføring i estetikk og historie til dei levande bileta, gjennom døme på ulike uttrykksformer innanfor film, fjernsyn og video på den eine sida, og gjennom teoretiske og analytiske tilnærmingar på den andre.
[ til toppen ]
www.aage.no © 2000-2008