Hjelp og brukarstøtte
Navigering og lenkjer
Øvst til venstre på kvar side står det "heim." Klikkar du der, kjem du til hovudsida på vevstaden (startsida på toppen av hierarkiet). Til høgre finn du peikarar til undersider som igjen har eigne hierarki under seg. Sidekartet gjer elles eit oversyn over tilgjengelege sider.
Du kan òg velje storleik på skrifta på skjermen, [S—vanleg—L], og veksle mellom ulike målføre: [en—no—de].*
Venteleg gjer lenkjene god og utfyllande informasjon. Understreka tekst lenkjer internt til andre sider på denne vevstaden. Lenkjene blir i regelen opna i same vindauge (med ikkje pdf-filer).
Her og der er det lenkjer i grafikk, bilete og tekst. Bilete og gif-ar har òg "alt-tekstar" i seg, og dei skal bli leselege når du peikar på dei, såkalla mouse over. Dei alternative tekstane skal gjere det lettare å navigere på sidene.
Sidene er laga med fleksibel breidd slik at dei skal vere enkle å skrive ut både ståande og liggjande.
Teknisk kvalitet på vevstaden
Sidene er validerte og skal vere kompatible med dei vanlegaste nettlesarane. Eldre nettlesarar kan ha problem med somme effektar på vevstaden (spesielt Netscape på NT- og Mac-plattform, og IE og Opera i 5-utgåver). Eg er særs interessert i å få tilbakemelding på korleis vevstaden fungerer i ymse konfigurasjonar.** Send gjerne ein e-post til "kultur@aage.no" om du finn inkvart som ikkje fungerer godt nok. Kritikk mogeleggjer forbetringar!
Last ned programvare!
Det blir lettare å surfe når du har oppdatert programvare, som til dømes ein god nettlesar, eit program som kan lese pdf-filer, og eit populært mediaprogram for lyd og bilete.
Om du i tillegg har Flash, får du med deg det meste av aktuell design for nettet.
* Frå barnsbein av har eg skrivi bokmål. Ber du over med at mesteparten av informasjonen er på bokmål, vil du finne mykje rart på denne vevstaden. Er du i tillegg skikkeleg nysgjerrig, finn du eit og anna gjemt omkring på dei engelske sidene òg.
[ til toppen ]
www.aage.no © 2000-2008