Grimstad Kulturhus :: Attest 18.08.2003
Grimstad Kulturhus blei opna i 1985 med tre kinosalar og 580 sitjeplassar samt eit utstillings- og møtelokale. Årleg har vi 2.300 filmframvisingar og om lag 50 større sceneoppsetjingar. Vi betener tilskiparar, artistar og over 65.000 publikummarar.
Gjennom haust- og vårsemesteret tek vi mot Riksteatrets turnerande førestellingar og andre regionale teatergrupper og artistar. Lokale krefter bruker huset til alt frå revyar, teater, UKM, foredrag, tekstframføringar, debattar og som utstillings- og salslokale. I juni er vi vertskap for Kortfilmfestivalen: fem dagar med kortfilm og besøk av norske og utanlandske filmskaparar og bransjefolk.
Åge Utnes, fødd 21.9.1959, har vore tilsett i full stilling ved kulturhuset frå 15.1.2001 til 31.8.2003. Han har koordinert vedlikehaldet av tekniske installasjonar på kulturhuset, som omfattar kino-, scene-, lyd-, lys- og sikringsutstyr. Før tilskipingane har han gjort klar scene og utstyr, teke i mot og rettleidd våre gjester. Han har òg vore brannvernleiar på huset og jobba i lag med leverandørar i samband med ein større gjennomgang av branntekniske forhold på huset. Sidan 1. mars i år har han arbeidd i turnusplan, som i tillegg til nemnde arbeidsoppgåver har inkludert arbeid som kinomaskinist og kontrollør.
Tilbakemeldingar frå gjestene våre, leigetakarar og leverandørar stadfestar at han er hjelpsam og ryddig med god oversikt og forståing for tekniske utfordringar som måtte oppstå.
Åge sluttar etter eige ønske for å søkje nye utfordringar. Vi har hatt stor nytte av lojaliteten, stå-på-viljen, den lange erfaringa og evna til å forutsjå moglege svakheter i tilskipingar. Han er ein ryddig og strukturert person med særs godt humør. Med dette gjer vi honom vår beste tilråing.
E. H., konstituert kulturhusleiar
Eigne kommentarar
Arbeidet ved Grimstad Kulturhus blei avslutta hausten 2003. Du finn godt med tekst om engasjementet på aktueltsidene, og du kan òg sjå ein faksimile av attesten:
[ til toppen ]
www.aage.no © 2000-2008