Norsk Medieforskarlag :: Attest 03.03.99
I 1993 skipa Norsk medieforskarlag til Den 11. nordiske konferansen for massekommunikasjonsforsking i Trondheim. Underteikna var medlem av tilskiparkomiteen og kontakta Åge Utnes for å få laga ein logo for konferansen. Vi hadde fått anbefalt Utnes frå Trondheim filmklubb, der han i fleire samanhengar hadde hatt ansvar for layout og grafisk utforming. Vi ønskte ein iaugefallande logo som tydeleg kunne hjelpe til å markere konferansen. Logoen måtte ha ei slik utforming at den kunne brukast på så vel større som mindre plakatar og papir. Den skulle trykkjast på program og brukast på T-skjorter. Innhaldet i logoen skulle uttrykkje sentrale aspekt ved konferansen.
Utnes kom opp med eit forslag som fungerte til alle si tilfredsstelling, og vi tilskiparar fekk mykje ros for logoen av konferansedeltakarane.
Eg lærte å kjenne Åge Utnes som ein behageleg samarbeids- og diskusjonspartner, og gjer honom med glede mine beste anbefalingar.
Helsing K. S., professor i filmvitskap og prorektor ved NTNU
Eigen kommentar
Eg laga ein metalogo med referanse til ein aktuell reklame og Peter Sellers replikk "I Like to Watch," frå filmen 'Being There' av regissøren Hal Ashby, frå 1979. Logoen blei utført som ei ikonrekkje på ein gammaldags, litt oval fjernsynsskjerm. På skjermen kunne ein lese dei første orda i Habermas' standardverk "Theorie des kommunikativen Handelns."
[ til toppen ]
www.aage.no © 2000-2008

