Gå rett til innhaldet på sida, eller til utvida navigasjon for vevstaden!

Åge No © 2000-2008 Vel storleik: [ S ][ vanleg ][ L ]( ? )
 
* Heis-ikon frå British Museum i London (berre til pynt)

Vilkår for bruk og juridiske avgrensingar

Gjeldande lovar

Vevstaden blir administrert etter norsk lov av Kulturkonsulenten Åge No (eigar/eg). Dersom du vel å bruke vevstaden frå eit anna land gjer du det på eige initiativ og er sjølv ansvarleg for å følgje gjeldande lokale lovar. Eikvar usemje om desse vilkåra, inkludert eventuelt kjøp av tenester som er omtala på vevstaden, er underlagd norsk lov, og at eventuell rettsleg behandling skjer ved norsk domstol.

Eigarskap, bruk av vevstaden og reproduksjon av material

Du får sjå på og laste ned materialet på vevstaden, men berre for personleg og ikkje-kommersiell bruk. Føresetnaden er at du beheld all opphavsrettinformasjon og andre merknader om eigarskap som er i originalmaterialet i alle kopiar av materialet. Brott på vilkåra for bruk medfører at du ikkje får bruke vevstaden og at du så snart som mogeleg må øydeleggje nedlasta eller trykt material.

Materialet på vevstaden må ikkje på nokon måte endrast, reproduserast, visast offentleg, framførast eller distribuerast, eller på annan måte brukast til offentlege eller kommersielle formål. Materialet på vevstaden er verna, og uautorisert bruk av materialet kan vere ulovleg etter lov om opphavsrett, mønstervern, varemerke eller andre lovar.

Materialet på denne vevstaden kan innehalde tekniske unøyaktigheiter eller typografiske feil. Materialet blir levert "som det er" utan noka form for garanti. Eg garanterer heller ikkje for heilskapen i materialet på vevstaden.

Generelt

Når som helst og utan forvarsel kan eg gjere endringar i materialet eller i tenestene som er beskrivne. Eg kan òg revidere vilkåra for bruk av vevstaden når som helst ved å oppdatere denne teksten. Du bør besøkje denne sida frå tid til annan for å lese dei til eikvar tid gjeldande vilkår, da dei er bindande for deg. Einskilde føresegn i vilkåra kan bli sett til side eller skjerpa av særskilde merknader som finst på bestemte sider på vevstaden.

Koplingar til denne vevstaden

Ein kvar som koplar seg til vevstaden min må overhalde gjeldande lovar og følgjande retningsliner for lenkjer: Ein ekstern vevstad kan lenkje til, men ikkje attgje innhald på vevstaden. Vidare må ikkje vevstaden

  • opne nokre av mine sider i eigne rammer (frames),
  • gje eit urett bilete av samarbeid eller samanheng med meg,
  • attgje urett informasjon om meg eller tenestene mine,
  • gje inntrykk av at eg går god for innhaldet på den eksterne vevstaden,
  • nytte logo eller andre deler av layouten min utan etter skriftleg løyve, eller
  • ha eit innhald som kan vere aggressivt eller usmakleg. Det eksterne vevstaden bør ha eit innhald som er passande for alle aldersgrupper

Avgrensing av ansvar

Mine leverandørar, eg sjølv eller andre partar som er nemnde på vevstaden, kan ikkje haldast ansvarleg for skadar som måtte oppstå som følgje av bruk, av å ikkje kunne bruke, eller som resultat av bruk av vevstaden, vevstaden til tredjepart som er kopla til, eller material og informasjon som finst på nokre av desse stadene, verken baserte på garanti, kontrakt eller andre juridiske teoriar, og uavhengig av kjennskap til moglegheita for slike skadar. Dette inkluderer, utan innskrenking, skadar som skyldast tap av forteneste, tap av data eller forretningsavbrott.

Dersom bruk av materialet eller informasjon frå vevstaden resulterer i behov for service, reparasjon eller rette av utstyr eller data, tek brukaren sjølv alle kostnader i den samanheng.

[ til toppen ]

www.aage.no © 2000-2008

* Biletet er berre logo for sidekartsidene

Viktig: Dersom du bruker denne vevstaden godtek du (brukaren) vilkåra!

Koplingar til andre vevstader

Koplingar til vevstader til tredjepart er tekne med som ekstraservice, og brukaren besøkjer slike vevstader på eige ansvar. Eg er ikkje ansvarleg for innhald eller material på tilkopla vevstader, men synest dei er interessante eksempel.

[ til toppen ]

Her er du no :: aage.no » nn » sidekart » juridiske merknader

Sist endra 28. september 2008  ©  Åge No : XHTML : Relaxed : CSS : 508 : WAI-A : Om tilgjengelegheit : Søk på vevstaden!
Ser sida rar ut? Trykk F5 og/eller F11 eller prøv å endre storleiken på vindauget! Kjem du over inkvart anna tullete, så send meg ein e-post! :: Blogg!
Til toppen