Barentsburg
Biletet er teki i Adventfjorden 24. mai 1997, på retur frå eit feltoppdrag.
Turen var eit ledd i prosjektet "Miljøstudiar av polarmåke."
Vi såg på hekkinga i fjøra i Barentsburg, og samla inn egg på holmane i Grønfjorden, ned langs Nordenskiöldsflya og forbi Lågneset.
Utanfor flya fann vi spegelblankt hav, og vi fekk sjå kvitkval som beita langs landet! Vi overnatta i Bellsund under Ingeborgfjellet, eit kakofonisk fuglefjell.
Varmt vårver gav ròten fjordis, og vi måtte halde god fart for ikkje å søkke nedi isgjørma og gå i fjorden.
[ til toppen ]
www.aage.no © 2000-2008