Gå rett til innhaldet på sida, eller til utvida navigasjon for vevstaden!

Åge No © 2000-2008 Vel storleik: [ S ][ vanleg ][ L ]( ? )
 
* Televimsen viser deg undersidene i cv-seksjonen

Kulturfag

Innhaldet i faga vert endra noko frå år til år. Tekstane under er henta frå Studiehandbok 2001/2002.

2003

287 Kulturanalyse, -planlegging og -leiing, 5 vekttal

Målsetting

Kurset skal gje ei innføring i ulike teoriar om kulturelle endringar knytt til moderniseringa i vestlege samfunn dei siste hundre åra. Kurset skal vidare gje ei innføring i teoriar og praksis frå samfunns- og kulturplanlegginga, som reidskap til nytte i analyse-, planleggings- og leiararbeid i kultursektoren (organ, institusjon eller prosjekt).

Studentane skal kunne gjere greie for sentrale teoriar i kulturanalyse og samfunnsplanlegging, omsetje lovverk, planar og planteori i konkrete døme på kulturplanlegging og utarbeide plan- og styringssystem for eit arrangement/prosjekt.

Innhald

Den kulturanalytiske delen tar for seg spørsmål som urbanisering, sektorisering og arbeidsdeling, og livsstilendringar som følgjer av dette, m.a. fragmentering av livsområda i det moderne samfunnet, noko som kjem til uttrykk i alt frå estetikken i kvardagslivet til sjølvopplevinga til den einskilde. Kursdelen tek opp spørsmålet om kulturelt mangfald og nye maktmekanismar. Det blir nytta kulturteori og analysemetodar frå fleire fag, som t.d. filosofi og psykologi.

Delen kulturplanlegging skal omhandla grunnleggjande teoretisk og praktisk-formell kunnskap om samfunnsplanlegging allment og om leiing og styring av prosessar i kulturplanlegging spesielt. Det blir lagd vekt på samanhengen mellom studentane sine eigne fordjupingsprosjekt og øving i metodar for planstyrt leiing.

Kurset inneheld emne som:

  • utvikling av planlegging i det moderne samfunnet, planteori
  • planlovverka og ulike offentlege plansystem (på ulike forvaltningsnivå)
  • kulturplanar, delplanar
  • barne- og ungdomsplanar, bumiljøplanlegging
  • arrangements- og prosjektplanlegging
  • styring og praktisk gjennomføring av arrangement/prosjekt
  • samordning, forhandling, resultatvurdering
  • deltaking som plantema
  • sentrale dilemma og problem knytt til planlegging i offentleg forvaltning

281 Kunst- og idéhistorie, 2 vekttal

Målsetting

Kurset skal gje ei første innføring i europeisk kunst- og idèhistorie som grunnlag for å forstå og delta i debattar om kunstens stilling i samtida.

Innhald

Kunstartanes historie vil bli drøfta med utgangspunkt i konkrete eksempel frå ulike estetiske område. Med fokus på utvikllinga frå 1700-talet til vår eiga tid, vil sentrale epokar, retningar og kunstnarar bli presenterte. Kunstartanes historie vil i denne drøftinga knytast til idèhistoriske utviklingsliner, og ein vil gå inn på relevante trekk ved samfunnsutviklinga. (Pensum)

[ til toppen ]

© www.hit.no

2002

283 Musikk, 5 vekttal

Målsetting

Kurset skal gje kunnskap om oppleving av musikk, av musikken sin verdi og funksjon som sosialt og estetisk fenomen, og praktisk innsikt i musikkformidling/administrasjon

Innhald

Fordjupingsemnet er sett saman av:

  1. Musikk som sosialt og estetisk fenomen
  2. Musikkformidling/administrasjon.

Musikk som sosialt og estetisk fenomen tek opp emne innan musikkestetikk, musikksosiologi, musikkpsykologi og musikkhistorie. Dei fleste musikkgenrane (vesterlandsk kunstmusikk, afro-amerikanske musikkformer og folkemusikk) vil bli presenterte. Musikken sin funksjon/sosiale kontekst i samtida og i dag og ulike måtar å oppleve musikk på vil bli drøfta. Vidare vil musikalitetomgrepet, musikalsk utvikling hos barn og legitimering av musikk i ulike situasjonar bli teke opp.

Musikkformidling/administrasjon vil drøfte omgrepet formidling, og gje eit oversyn over ulike måtar å formidle musikk på (undervisning, konsertutøving, konsertarrangering, formidling gjennom media og musikkadministrasjonen). Det blir òg gitt eit oversyn over musikklivet på nasjonalt, regionalt og lokalt plan. Av viktige tema kan nemnast; offentlege musikkinstitusjonar, musikken i det friviljuge organisasjonsarbeidet, kommunale musikkskular, musikken i skoleverket og former for samordna musikkopplæring, musikkfestivalar og ulike typar konsertarrangement.

[ til toppen ]

© www.hit.no

2001

210 Film/kino, 5 vekttal

Målsetting

Kurset skal gje ei grunninnføring i filmen sin forteljarteknikk med filmhistorisk og filmsosiologisk bakgrunn. Knytt til innføringa i forteljarteknikk blir filmframsyningar analyserte.

Innhald

Film og kino blir plassert i det totale mediabiletet. Filmen si rolle som massemedium i den moderne kulturindustrien vert drøfta. Tilhøvet til fjernsyn, video og andre media vil bli teke opp. Fordjupingsemnet konsentrerer seg også om norske film- og kinopolitiske tilhøve. Ved sida av forelesingane søkjer ein å arrangere ekskursjonar til sentrale film- og kinoinstitusjonar. Ein prøver òg å få konkret orientering om kinosjefane sine arbeidstilhøve, om repertoarval, økonomi og administrasjon i kommunale kinoar.

Nokre filmframsyningar vil bli lagde opp i samarbeid med filmklubben i Bø/Bø kino. [Sjølv jobba eg som driftsteknikar med ansvar for vedlikehald ved Grimstad Kulturhus mens eg leste faget.]

[ til toppen ]

1999

277 Innføring i norsk kulturhistorie, 5 vekttal

Målsetting

Kulturhistoria skal gje studentane kunnskap om, forståing og oppleving av fortida og kulturarven vår. Faget gir ei elementær innføring i forholdet mellom økonomiske, sosiale og kulturelle endringar dei siste to hundre åra. Europeiske forhold vil i visse høve bli trekte inn.

Innhald

Sentralt i kurset står økonomiske, sosiale og kulturelle endringsprosessar med vekt på oppløysinga av det førindustrielle standsamfunnet og framveksten av eit moderne industrisamfunn. Både folkelege og borgarlege kunstformer innanfor biletkunst, brukskunst, arkitektur, teater og musikk blir vektlagde. Samarbeids- og samværsformer og ulike kunstnarlege uttrykksformer er utgangspunkt for undervisninga. Hovudvekta er lagt på tida ca. 1800-1950. Men i visse samanhengar går ein både lenger attende og framover i tid for å fylgje viktige endringar og føresetnadene for dei.

© www.hit.no

711 Praktisk norsk for alle studieretningar, 2 vekttal

Målgruppe

Studiet er eit tilbod for alle studentar ved høgskolen og andre interesserte. Det gjeld som eit 2-vekttals val/tilleggsfag for alle studieretningar ved høgskolen.

Undervisning

I undervisninga blir det lagt stor vekt på praktisk skrivearbeid og rettleiing. Undervisning blir gitt i form av forelesing, seminar, gruppearbeid og individuell rettleiing. Arbeidsforma skal vere så fleksibel som råd, slik at deltakarane får hjelp til å kome vidare sjølv om utgangspunkta varierer.

Målsetting

Kurset skal gje øving i å bruke godt språk i ulike kommunikasjonssituasjonar. Det blir lagt vekt på korleis ein uttrykker seg presist og korleis ein disponerer ein lengre tekst. Deltakarane skal såleis få øvd opp evna til å framstille eit emne, gjere greie for problem som er knytta til emnet og argumentere for eigne synspunkt. Kurset er nyttig for alle som vil skrive betre på eksamen, i semesteroppgåver, prosjektrapportering m.m., og for dei som seinare skal bruke språket i offentleg teneste, næringslivet og samfunnet elles.

Innhald

Gjennom praktiske øvingar, diskusjonar og foredrag skal deltakarane få innsikt og erfaring i kva god språkbruk er, og korleis godt/dårleg språk kan spele ei avgjerande rolle i mange situasjonar. Vi arbeider både felles og individuelt med tekstar frå ulike språkbruksområde, også med tekstar som deltakarane skriv sjølve.

Pensum er om lag 400 sider og handlar om språkleg kommunikasjon. Pensumet skal gje ei innføring i relevante tema som grammatiske reglar, skrivereglar, konvensjonar knytt til ulike genre/teksttypar og den norske språksituasjonen.

© www.hit.no

205 Kommunikasjon/massemedia, 5 vekttal

Målsetting

Kurset skal gje ei generell innføring i kommunikasjon og massemedia med bakgrunn i kommunikasjonsteoriar og mediehistorie. Det blir også gitt korte innføringskurs i foto, journalistikk, video og radio/lyd for dokumentasjon og deltaking i produksjon.

Innhald

Ulike tilnærmingsmåtar til faget vert drøfta i kurset. Kurset tek vidare for seg kommunikasjonsteori og dei einskilde massemedia (presse, radio, fjernsyn og film); korleis dei vart til, korleis dei er bygde opp og kva slag språk, innhald og kultur dei er formidlarar av. Ein tar òg opp metodar for tekst-, bilete- og medieanalyse. Kva for praktiske kurs som blir haldne, vil variere etter ressursar og interesser.

Evaluering

Individuell skriftleg eksamen, 5 timar. Graderte karakterar. Obligatorisk deltaking i praktiske kurs. [Fotokurs for min del.]

213 Kulturpolitikk, 5 vekttal

Målsetting

Mål for kurset er at studentane skal få oversyn over det kulturpolitiske feltet. Kurset tek for seg kulturpolitikk ut frå ein samfunnsvitskapleg fagtradisjon.

Innhald

Kultursektoren blir sett på frå historisk, politisk organisatorisk, økonomisk og formidlingsmessig vinkel. Ein vil studere ulike kulturpolitiske aktørar, m.a.: Offentleg kulturforvaltning, profesjonelle kunstnarar, friviljuge organisasjonar, profesjonar, publikum og kulturindustri. Sentrale tema er:

  • Kulturomgrep, kulturpolitiske ideologiar og målsettingar,
  • framveksten av ein offentleg kulturpolitikk,
  • fritid, kulturforbruk, delkulturar,
  • offentlege kulturorgan, interesseorganisasjonar og kulturpolitiske verkemiddel,
  • kunsten i samfunnet: institusjonar, profesjonar, publikum og formidling,
  • dei friviljuge organisasjonane i kulturlivet,
  • kulturøkonomiske emne,
  • norsk kulturdebatt,
  • kulturpolitikk i andre land,
  • andre kulturpolitiske emne.

[ til toppen ]

© www.hit.no

1998

278 Innføring i kultursosiologi, 3 vekttal

Målsetting

Kultursosiologi skal gje ei innføring i sentrale kultursosiologiske emne. Kurset søkjer å gje ei meir allmenn innføring i sosiologisk og samfunnsvitskapleg tenkjemåte, omgrep og teoriar.

Innhald

Kulturelle endringsprosessar i samfunnet og kulturelle skilnadar mellom grupper står sentralt i kurset. Aktuelle emne kan vere samfunnsendring i høve til kvardagsliv og kultur, makt, ulikskap og konflikt, del- og subkulturar, sosialisering og sosiale roller.

272 Offentleg forvaltning, 2 vekttal

Målsetting

Kurset tek sikte på å gje innføring i korleis kommunane og fylkeskommunane fungerer som politiske og administrative system, og samspelet mellom dei og andre institusjonar i lokalsamfunn og storsamfunn.

Innhald

Det politiske systemet og avgjerdsprosessane på ulike forvaltningsnivå. Kommunale organ, planlegging, økonomi og klientar, publikum og kommunen. Andre maktfaktorar i lokalsamfunnet, som næringsliv og organisasjonar. Viktige lovverk i kultur-, idretts- og miljøforvaltningssamanheng, m.a. forvaltningslov, offentleghetslov, plan- og bygningslov og sentrale reglar i andre lovar. Ulike lovar og reglar for sakshandsaming. Innføring i ulik sakshandsaming, forholdet mellom sakshandsaming, informasjon og service.

© www.hit.no

207 økonomi/budsjettering, 3 vekttal

Målsetting

Kurset tek sikte på å gje elementære økonomiske kunnskapar for arbeid i offentleg og privat kultur- og/eller idrettssektor. Kurset tek m.a. sikte på å gje studentane innføring i økonomistyring for institusjonar og organisasjonar i kultur- og idrettssektoren.

Innhald

  1. Innføring i økonomiomgrepet og elementær rekneskapslære.
  2. Økonomistyring med vekt på budsjettering.
  3. Budsjettering og rekneskap i det offentlege med klar vekt på den kommunale sektor.

[ til toppen ]

www.aage.no © 2000-2008

* CV-logo :: Byen er ikkje så langt unna, men sjølv liker eg å bu på landet

Teksten er justert noko: forma "gi" er skifta ut med "gje", og eg har endra teknsettinga eit par stader.

Sjå på karakterane frå Bø:

Lenkje til karakterutskrift frå Høgskolen i Telemark, 1998-2003

[ til toppen ]

Her er du no :: aage.no » nn » cv » utdanning » fag :: kulturfag

Sist endra 28. september 2008  ©  Åge No : XHTML : Relaxed : CSS : 508 : WAI-A : Om tilgjengelegheit : Søk på vevstaden!
Ser sida rar ut? Trykk F5 og/eller F11 eller prøv å endre storleiken på vindauget! Kjem du over inkvart anna tullete, så send meg ein e-post! :: Blogg!
Til toppen