Gå rett til innhaldet på sida, eller til utvida navigasjon for vevstaden!

Åge No © 2000-2008 Vel storleik: [ S ][ vanleg ][ L ]( ? )
 
* Televimsen viser deg undersidene i cv-seksjonen

karaktersystemet

I tabellen finn du ein definisjon av dei nye karakterane
Symbol Nemning Kvalitativ omtale av vurderingskriterier
A Framragande Studenten viser god forståing av oppgåveteksten og har svara overtydande på oppgåva med gode evner til sjølvstendig tolking, definisjon av begrep, problemstilling, drøfting, argumentasjon og analyse. Kan plassere kunnskapane inn i ein historisk og samtidig kontekst og forskingstradisjon. Har avgjerande viktige faktakunnskapar og årstal. Viser god bruk av fagterminologi, evne til klar og veldisponert framstilling, god språkbruk, moden perspektivering, eksemplifisering eller konkretisering av begrepsinnhald. Omgang med fagstoff og begrep har eit refleksjonsnivå som ligg godt over gjennomsnittet og vanleg forståing av pensum.
B Meget god Studenten har gode faktiske [... ] historiske kunnskapar sett inn i ein samanheng. Har god begrepsforståing, god framstillingsevne og ein omgang med stoffet utover det som går på å referere pensum. Formulerer problemstillingar, drøfter og analyserer. Moden framstilling. Held stoffet innafor det som er relevant for oppgåva.
C God Studenten viser elementære faktakunnskapar og dokumenterer kjennskap til fleire sentrale [...] historiske termer og begrep. Kan til ein viss grad plassere kunnskapen inn i ein samanheng. Har liten bruk av problemstillingar, sjølvstendig drøfting og analyse.
D Nokså god Studenten kan gjere greie for deler av viktige og relevante faktakunnskapar. Viser svake kunnskapar om samanheng. Manglar relevant problemstilling og analytisk drøfting av begrepsforståing. Lite sjølvstendig framstilling.
E Tilstrekkeleg Har ein del relevante faktakunnskapar som viser eit minstemål av det ein kan forvente, men kunnskapen er presentert på ein ulogisk og usamanhengande måte. Manglar sjølvstendig drøfting og analyse.
F Ikkje bestått Manglar faktakunnskapar, oversikt og kontekst. Dårleg språkføring, uklar framstilling. Oppgåva kan ikkje aksepterast.

Normert studieprogresjon er 30 studiepoeng/ECTS i halvåret.

[ til toppen ]

www.aage.no © 2000-2008

* CV-logo :: Byen er ikkje så langt unna, men sjølv liker eg å bu på landet

Denne sida er bygd opp med formgjevande tabellar. Sida er kanskje ikkje fullt ut tilgjengeleg for alle brukarar.

Her er du no :: aage.no » nn » cv » utdanning » karaktersystem

Sist endra 28. september 2008  ©  Åge No : XHTML : Relaxed : CSS : 508 : WAI-A : Om tilgjengelegheit : Søk på vevstaden!
Ser sida rar ut? Trykk F5 og/eller F11 eller prøv å endre storleiken på vindauget! Kjem du over inkvart anna tullete, så send meg ein e-post! :: Blogg!
Til toppen