Oversyn over kva tenester eg tilbyr :: mangesyslar
Tenestene er suspendert!
Her er røynsler og bakgrunn presenterte som tenester. Dei kan nyttast kvar for seg eller kombinerast. Forretningsidéen er å tilby administrative og praktiske tenester med tydeleg høg kvalitet. Oppdrag kan utførast som mellombels tilsett eller som sjølvstendig næringsdrivande. Tenestene er:
- administrasjon, som kan vere oppbyggjing eller drift av kontor, mellom anna dokumentasjon, utvikling av rutinar og arkiv, it-støtte, layout og budsjett med likviditet
- kulturproduksjon, som kan vere å organisere og gjennomføre konsertar, teaterførestellingar og konferansar med lyd og lys, kvalitetskontroll av alle tekniske ledd, einskilde eller periodiske tilskipingar
- praktisk arbeid, som kan vere vedlikehald av lyd- og lysutstyr, scenerigg og kinomaskineri, utvikling av førebyggjande rutinar, rigging og andre praktiske oppgåver
- språkvask, som kan vere praktisk tekstarbeid og rettleiing i språklege val
Målgruppe
Engasjerte folk som jobbar med kultur- og estetiske fag, gjerne prosjekt som overskrir grenser.
God kunstnarleg utvikling blir lettare med trygge støttefunksjonar!
Bakgrunn
Brei praktisk prosjekterfaring, fagleg bakgrunn og pålitelege kontaktar. Eg er systematisk, prosessorientert, målretta og entusiastisk!
Berre kvalitet!
[ til toppen ]
www.aage.no © 2000-2008